Bedriftsportrettet- Rekarved

(artikkel er frå 16. februar 2016/ forrige heimeside)

Næringsavdelinga har teke initiativ til ei besøksrunde hjå ulike bedrifter i Skjåk. Dette for å kome tettare inn på kva som rører seg innafor næringslivet, samt å avdekke eventuelle flaskehalsar som ein kan jobbe vidare med.

Rekarved møbelproduksjon

Vi starta med eit besøk hjå Rekarved og Tom Andrè Hånsnar. Han driv møbelproduksjon i dei gamle lokala til Skjåk snekkeri og gjev nytt liv til gamle materialar frå gamle hus, hafeller og drivved.  Resultatet blir handlaga, unike møbler med eit rustikt og moderne preg.

Hånsnar er sjølvlært, og har gjort hobbyen sin om til noko han ønskjer å leve av. Bedrifta starta i garasjen heime, men etter kvart som bestillingane har auka på vart det naudsynt med større og betre eigna lokalar. Han har fått støtte frå næringsfondet til å utvikle bedrifta si, og er nå godt i gang på «snikkeriet».

Møbeldesignar og snikkar

Tom Andrè trivst som møbeldesignar og snikkar, og likar å bruke dei kreative sidene sine på denne måten. Møbelproduksjonen er på tur til å bli fulltidsjobb, attåt at han er musikar. Han opplyser at kundegruppa for det meste er damer mellom 25 og 55 år, og at marknadsføringa har bestått av å nytte sosiale medier. Det å handle lokalt er viktig for den unge møbelsnikkaren, og han har innleia samarbeid med fleire lokale leverandørar og produsentar.

Framtida

På sikt er det eit mål å produsere opp mindre interiør ting for utsal. Etter å ha sett bestillingslista, kan det bli ei stund til han får tid til det. Vi ønskjer Tom Andrè lykke til vidare, og er det nokon som har ein stabel med gamle materialar liggande, så veit vi om ein som ser god nytte i desse.