Bedriftsportrettet - Rudsar gard

(artikkel frå april 2016/gamal heimeside)

Rudsar gard

Arild Fallingen tok til på garden Rudsar i Skjåk i 1996, og kjøpte garden i 1997. Etter det har gardsdrifta vore fulltidsarbeid både for han sjølv og kona Mona Bøhle. Det er den store og genuine interessa for dyr som er den viktigaste drivkrafta til ekteparet. Dei meiner at å vere to om drifta og er avgjerande for å trivast på ein gard. Alt for mange gardbrukarar strevar aleine og har ingen å dele drifta og arbeidet med. Det går an å skjøne at det kan bli trått og einsleg, etterkvart. Rudsar er reine Noas ark. Her er det ku, sau, geit, hest, hund og katt i skjøn foreining. Nå er det ekstra travelt her som på mange andre gardar i Skjåk på denne tida. Det er lamming, noko som mange kallar eit av «vårens vakraste eventyr».

Pelssau

Det er sau av rasa pelssau på Rudsar. Nå fortida er det aktivitet i fjøset døgnet rundt. Det er ei travel, men triveleg tid, seier Arild. Norsk pelssau produserer kjøt og ull på livdyr på line med andre sauerasar. I tillegg vert det produsert pelsverk. Dette skjer ved at dyra vert slakta lodne (med ulla på) og at skinna deretter vert garva. Ulla har ein spesiell kvalitet som gjer at rasa høver godt til dette føremålet. Avlsarbeidet starta i 1959 ved å krysse gotlandsfår og norsk grå/blå spelsau. I dag er skilnaden mellom norsk pelssau og gotlandsfår, liten. Dei nyfødde lamma av pelssau liknar mest geitekillingar. Dei er svarte med noko kvitt på skallen. Det er utruleg kor fort klokka går når ein driver med sauen, seier Mona. I lamminga så blir ein aldri ferdig, det er noko å drive med heile tida og døgnet rundt. Alle individa skal fylgjast opp og fløttast hit og dit og fôrast og stellast. Det er ikkje råd å gå etter klokka i lamminga. Da er det naturen som rår.

Tyrolerfe er favorittdyrearten.

Ammekyr av rasa tyrolerfe eller gråfe er favorittdyrearten til Mona, etter hesten. Dei har 48 kalvingar i året og har ei av dei største besetningane i Noreg med denne rasa. Arild har inseminert dyra sine sjølv sidan i 2005. Dei driv import av sæd frå Austerrike der avlsmaterialet er mykje større enn her i Noreg. Det er stor etterspurnad etter livdyr. Det har vore mjølkeproduksjon på garden fram til i september i 2015. Dei kom dårleg ut i høve til økonomien med å drive mjølkeproduksjon attåt gråfe, og gav seg med det. Vi kjem til å sakne mjølkekua særleg på setra, men vi kjem til å få betre tid til å drive med tilsyn av lausnauta. Alle dyra til Arild og Mona skal sleppast i Finndalen i sommar. Dei vil og nytte beiteområda dei har gjerda inn rundt setra. Utmarksbeite er ein svært viktig og stor ressurs for oss som driv kjøtproduksjon her i området, meiner gardbrukarparet. Trenden med at kjøtproduksjonen skal gå føre seg for det meste på kraftfôr, er dei sterkt imot. Dei meiner at ei ekstensiv drift høver mykje betre til ressursgrunnlaget på gardane i nord-gudbrandsdalen.

Lidenskapeleg interesse for hest.

Hestehaldet på Rudsar er meir ein lidenskap enn hobby. Dei har ni flotte eksemplar av rasa dølahest. Dølahesten er ein av dei fire nasjonale hesterasane i Noreg. Det er ein vakker, sterk og smidig brukshest med god samarbeidsvilje og godt gemytt. Dei har to drektige merrer, så om litt har dei 11 på talet. Hesteavl er viktig og interessant, men og ei langsiktig satsing. Utstillingar er eit viktig påskot til at Mona og Arild kjem seg på «ferie», og får triveleg sosial omgang med andre likesinna. Nyleg var det hingstutstilling på Stav, og her vart det strålande resultat for hingstane frå Rudsar. Skjåk Balder gjekk opp til 2.pl og vart nr.2 i kvalitet. Sonen til Balder, 3-åringen Rudsars Borgar vart kåra til nr.2 i kvalitet. Han vart best av alle hingstane på Stav på rørsler og skal bedekke merrer i Sikkilsdalen i sommar. Det er ekstra artig at Arild og Mona har avla fram båe foreldra til Rudsars Borgar. Næringskontoret gratulerer med eit framifrå resultat. «Når ein arbeider med dyr heile tida, slik vi gjer, og får slike attendemeldingar og resultat, tolkar vi det som at vi gjer noko bra» seier Arild.

Praktikantordning

Dei siste åra har Mona og Arild nytta seg av praktikantordninga i landbruket. Det har gått ut på at gardbrukarar har fått støtte for å lære opp praktikantar i gardsdrift og husdyrhald. Den fyrste dei hadde var utdanna agronom, men hadde aldri vore i eit fjøs før. Listhaug fekk dessverre slutt på denne ordninga med eit pennestrok. I fjor sommar hadde dei ein dyrlegestudent som trengte praksis med seg på setra. Ho fekk ei bratt læringskurve i husdyrpraksis, og jenta frå beste vestkant i Oslo kjem nok aldri til å gløyme sommaren ho var budeie i Finndalen. Ein praksisplass på Rudsar, med så mange ulike dyreslag og interesserte gardbrukarar må vera ein draum for ungdom som er interessert i husdyrhald og dyr.