Bedriftsportrettet- Skjåk Sementstøperi AS

(artikkel frå 27. januar 2016/ gamal heimeside)

Skjåk Sementstøperi AS er ei av fleire småindustribedrifter i Skjåk med mykje historie i veggane. Her har det vore drift heilt sidan 1960, og hovudproduksjonen er spalteplankar til bingar i fjøs. På det meste har det vore 5 tilsette i bedriften. I dag er det to tilsette, driftssjef Paul Bråten og driftsoperatør Kjell Gunde Øyberg.

Spalteplank

Det er få bedrifter i Norge som produserer denne type produkt. I tillegg til fabrikken i Skjåk finst det ein liknande fabrikk i Fåvang, Rindal og Namsos. Det vert også importert ein god del liknande produkt frå utlandet.

God kvalitet

Skjåk Sementstøperi AS er kjent for å levere spalteplankar av særleg høg kvalitet. Dei nyttar mykje armering, og dei andre tilslagsmateriala er og av beste sort. Det er avrunda kantar på plankane som gjev eit effektivt reinhald, god klauvhelse og god komfort for dyra. Dessutan er det 10-års garanti på all spalteplanken som vert levert frå Skjåk. For øvrig vert det produsert ein del nisjeprodukter som skjøterammer til trekkekummer, toppringer og lokk ved fabrikken.

Da næringsavdelinga var på besøk vart det levert spalteplankar til Vestlandet.