Bedriftsportrettet- Søre Hosar

(artikkel frå sept 2016)

Hausten er over oss og målar bygda i vakre, varme fargar. Mange er på elgjakt og får påfyll av frisk luft, sosialt samver og kjøt i frysaren. Andre er opptekne med å få grøda opp av jorda og i hus. Slik er det også på garden Søre Hosar denne tida.

Den økologiske produksjonen

Da næringskontoret sine medarbeidarar kom på besøk, var ein kontrollør frå Debio også innom. Søre Hosar vert drive økologisk. Det er heilskapen som den økologiske produksjonen står for som er viktig, seier Eivind Øvrelid.  Han driv garden saman med kona Oddveig Hosar, som til stor lukke dreiv og baka mørlefser da vi kom. Isa bur i kårenden av våningshuset. Ho er ei polsk dame som kjem saman med familien sin i april og reiser heimatt i oktober. Det er vanskeleg å finne andre som arbeider like godt og finn seg i å luke heile sommaren slik vi gjer det her på garden, seier Eivind. Han får ikkje rost ho nok. Polakkane arbeider på reiselivsbedrifter i området i tillegg.

Mjølkeproduksjon

Produksjonen består av mjølkeproduksjon med setring på Netosetra og grønsaksproduksjon. Det er mange som tek på seg å vere budeie for Søre Hosar. Det er dei same som kjem att år etter år. Dei er rekreasjon å få vere så nære det ekte og gode livet det er å vere budeie. Heilt utan mobildekning, radio og tv.

Klimastasjon

Øvrelid har produsert økologisk stikklauk i fleire år, men har dei siste åra vore plaga med ei fluge som øydelegg avlinga. Dette fører til store tap og sidan økologisk produksjon ikkje kan nytte seg av sprøytemiddel, må dei slutte med denne produksjonen. Det hadde vore svært tenleg med ein klimastasjon i Skjåk. Denne kan vere med å seie noko om sverming av skadedyr, varmesum mot slått mv. Det spesielle klimaet i Skjåk gjer at vi ikkje kan samanlikne oss med andre områder som har eit slik anlegg. Dette er ikkje særleg stor investering og hadde vore til stor hjelp, særleg for oss som driv økologisk, seier Eivind. For ti år sidan vart det jobba mykje med å få ein klimastasjon til Skjåk. Den gongen stranda det på ulike ting, mellom anna at det mangla nokon til å ta seg av drifta. Stasjonane har vorte mykje meir automatiserte nå og kanskje tida er inne for å ta opp at arbeidet med å få ein klimastasjon til Skjåk. Ballen vert med dette sendt vidare til politikarane og andre som kan vere med å påverke i denne saka.

Grønsakene frå Søre Hosar

Grønsakene frå Søre Hosar er kjente for svært god kvalitet og smak. Eivind meiner dette har fleire grunnar. For det fyrste er alt handarbeid. Grønsaker er vare og må handterast skånsamt, dei må stå i jorda så lenge som mogleg, jorda skal helst ikkje innehalde for mykje stein for da blir dei krokete. Det er stor skilnad på sortar. Dei gulrotsortar som finst i dag har ikkje trådar på margen slik mange av oss hugsar frå før i tida. Desse er avla burt.

Gulrøtene frå Søre Hosar er svært etterlengta når dei kjem på marknaden. På den lokale matbutikken blir Eivind møtt med eit –endeleg, når han kjem med dei fyrste posane om hausten. Beter har vorte populært og er av ekspertar kalla for supermat. Beter er rike på kostfiber og B-vitaminet folat. I år har dei dyrka beter av ulike slag og farge både gule, kvite, raude og polkabeter. Produkta sel dei direkte frå garden, gjennom Gudbrandsdalsmat og noko til faste kundar rundt om i landet, mellom anna i Lillesand, Stavanger, Ålesund og Bergen. Søre Hosar er og ein viktig tilbydar på det årlege Hausttakk arrangementet som skal gå føre seg i Skjåk den 8. oktober. 

"Bøllene på Søre Hosar"

Hjorteviltet er ei plage på Søre Hosar. Dei er også, forståeleg nok, glade i grønsaker. Dei klarar å løfte burt 15 kg tunge sandsekkar som skal halde grønsaksdukane på plass, dei dytter vass slangar langt inn i åkeren og trakkar sund dukane. Det er elgen som er verst og dei lever, som kjent, farleg i desse dagar..

Grasproduksjon

Det er også grasproduksjon på garden, som blir til nytta til fôr til kyrne. Enga består av mykje luserne med bakterieknollar på røtene som fikserer nitrogen frå lufta. Dette dreg graset nytte av og er heilt avgjerande for at det skal bli nok næring når ein driv økologisk og ikkje tilfører kunstgjødsel. Luserne er ein av dei aller viktigaste engbelgvekstane i verda. Planta har eit svært kraftig rotsystem som kan gå fleire meter ned i jorda og har difor stor evne til å hente vatn og næring. Luserne er svært kravstor til jord og jordstruktur. Den vil helst ha varm, opplendt jord med høg pH for å trivast godt, akkurat slik det er i solsida i Skjåk.

Eivind avsluttar med at heilskapen i økologisk produksjon, nærleiken til marknaden med direkte attendemeldingar  og at eg trur eg har inspirert fleire til å begynne med grønsaker i Skjåk gjer det svært gjevande og vera gardbrukar!

Næringskontoret sine utsendte takkar for ei triveleg stund og nydelege mørlefser. Vi ønskjer lykke til vidare med innhaustinga.