Bedriftsportrettet - Sota Sæter

(Artikkel frå 3.mars 2016 / gamal heimeside)

"Det beste med å drive ei turisthytte som Sota Sæter er alle dei trivelege folka ein møter". Dette er det vertinna på Sota Sæter, Jorun Svingen, som utalar til næringskontoret på eit besøk nyleg. "Det er lett å gjere dei til lags når dei kjem inn frå den flotte naturen som er rett utanfor døra her". Det er barnefamiliar og litt eldre folk som det er mest av blant gjestene. Mange skal vidare til fots eller på ski til andre DNT hytter. I dei siste åra har det også vorte fleire og fleire unge som brukar Sota som utgangspunkt for toppturar med randonee ski.

Siste sesongen 

Jorun har starta på den 14. og siste sesongen på Sota Sæter, og den 50. sesongen i DNT si teneste. Det som starta som ein spennande deltidsjobb vart ein livsstil, og ho har jobba på mange av DNT sine hytter rundt om i landet. Sota Sæter er den finaste av dei alle, meiner vertinna. Etter denne sesongen overlet ho stafettpinnen vidare. Det er mange som har vore innom å sett på anlegget, og som ønskjer å overta drifta. Ho håpar av heile hjartet at Sota kjem over på lokale hender. Det blir meir heilskap og tryggleik over det heile da.

Drift

Ein vert på ei DNT hytte leiger anlegget og betalar 90% inntektene frå overnattinga i leige til DNT. Det er matsalet som i hovudsak er inntekta av å drifte ein slik stad. Store vedlikehaldsoppgåver er det DNT som betalar og mindre vedlikehald tek verten seg av. Jorun seier at ho har hatt eit godt og tett samarbeid med DNT Oslo og omegn som eig Sota Sæter som ei av mange hytter. Det er fast pris på tre rettars meny på alle DNT hyttene. Det er DNT som bestemmer opningstidene til hyttene, men det er mogleg å utvide sesongen noko med private lag.

Kakedugnad

Jorunn likar å lage og servere god mat ,og har nok drive med hjartet meir enn etter pengeboka, som ho seier. Det er ofte vilt som står på menyen, og kjøttkaker som er laga i Skjåk. Mandelpotet frå bygda er fast fylgje. Det er økologisk mjøl i alt ho bakar, og ho likar også å by på lokal spekemat, urter, te og grønsaker frå Nordigard Aukrust i Lom. Folk i Skjåk er fenomenalt flinke med mat, og dette ser ein på kakebordet når vi arrangerer private lag. At gjestene tek med seg kaker til slike lag er ein fin skikk som ein ikkje finn mange plassar elles i landet

Vegen vidare

Attåt turistvertinnejobben har Jorunn jobba som vikar i skolen i alle år. Etter denne sesongen kjem ho til å pensjonere seg. Ho har ingen andre planar enn at ho vil besøke så mange som mogleg av DNT hyttene som finst og ho kjem gjerne attende til Sota for å bli servert og gå turar. Det er noko det blir lite tid til når ein driv som vertinne sjølv. Dessutan må ho om ikkje anna, hente heim mandelpotet frå Skjåk som ho har vorte heilt avhengig av.

Meir informasjon: Sota Sæter