Om landbrukskontoret

Landbruk er ei viktig næring i Lom og Skjåk, og står for ein vesentleg andel av sysselsetjinga i kommunane. Det er totalt 280 føretak som søker produksjonstilskot, og dei aller fleste av desse er husdyrprodusentar. Til saman driv desse føretaka om lag 46 000 dekar jordbruksareal. I tillegg er det betydelege utmarksareal som blir beita av sau, geit og storfe sommarstid. Dette bidreg til å oppretthalde det flotte kulturlandskapet i fjell og dal.  

Felles landbrukskontor for Lom og Skjåk vart etablert 1. september 2018. Det er Skjåk som er vertskommune for samarbeidet. Landbrukskontoret forvaltar lovar, forskriftar og verkemeddel i landbrukspolitikken som gjeld for jordbruk og skogbruk. Ei viktig oppgåve er å rettleiie brukarar av tenestane, og gjere den faglege kompetansen tilgjengeleg for næringsutøvarar i kommunane. 

Landbrukskontoret skal fremje ei berekraftig forvaltning av jord- og skogressursar som skapar verdiar og sikrer produksjonsgrunnlag, og som tek omsyn til miljø- og kulturverdiar. Kontoret skal stimulere til næringsutvikling på den enkelte eigedom, både innan tradisjonelt landbruk og andre næringar med tilknyting til landbrukseigedomar.

Du finn oss i andre etasje på kommunehuset i Skjåk. Velkommen innom! 

Opningstider: Man-fre 08:00 - 15:30

 

Tilsette ved landbrukskontoret 

 

Tilsette ved landbrukskontoret
Namn Stilling Telefon
Erling Dagsgard Jordbrukssjef 90999496
Kari Hånsnar Skogbrukssjef 99162602
Kristin Smågård Jordbruksrettleiar 93229458

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496