Husdyrgjødsel er ein viktig ressurs for landbruket, men kan ved feil bruk forårsake miljøproblem. Det finst fleire krav og verkemiddel som skal medverke til god utnytting av gjødsla. I del 3 av gjødselvareforskrifta finn du informasjon om kva krav som gjeld for lagring og bruk av husdyrgjødsel.
Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav
Gjødslingsplanlegging
Krav om gjødslingsplanlegging gjeld alle føretak som driv plantedyrking og som har rett på produksjonstilskot. Gjødslingsplanlegging har som formål å gje grunnlag for kvalitetsmessig god avling, avgrense avrenning til vassdrag og tap til luft av næringsstoff frå jordbruksarealer. Gjødslingsplanlegging skal sikre ein ressursmessig riktig utnytting av næringsstoff i jordsmonnet og frå mineralgjødsel, husdyrgjødsel, slam og anna organisk og uorganisk gjødsel.
Meir om gjødslingsplanlegging
Tilskot til husdyrgjødselspreiing
Frå og med 2019 kan du søke om følgjande tilskot til husdyrgjødselspreiing gjennom ordninga for regionale miljøtilskot:
- Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen (i etablert eng)
- Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel (blautgjødsel både i åpen åker og veksande kultur)
- Spreiing av husdyrgjødsel med rask nedmolding (innen 2 timer)
- Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
Meir informasjon om tilskotsordninga finn du på Fylkesmannen Innlandet si heimeside