Om tenesta

Tenesta skal stimulere og leggje til rette for skogbruksnæringa slik at alle skogbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike skiltskotsordningane i skogbruket. Det er vidare ei prioritert oppgåve å arbeide for næringsutvikling i skogbruket ved mellom anna å arbeide for utvikling av sortiment, omsetjingsformer og produkt som er tilpassa tømmerkvaliteten Ottadalen.

Kommunen er det offentlege forvaltningsorgnet som skogeiaren skal kontakte for å ordne saker som gjeld frådeling av skogareal, oppdyrking av skogsmark, bygging av skogsvegar og løyve til hogst i verneskog. Skogbrukssjefen skal førebu saker etter forskrifter og lovverk og ta avgjerd i sake som er delegert til administrasjonssjefen.

Tenesta omfattar m.a.:

  • Lovforvaltning etter skoglov, jordlov mm. (t.d. omdisponering av skogsmark, frådlingssaker, konsesjonssaker)
  • Forvaltning etter forskrifter gjeve i medhald av skoglova (t.d. verneskogforvaltning, spreiing av plantevernmidlar i skog, skogfrø og planter, insektskader på skog, godkjenning av skogsvegar mm.)
  • Forvaltning av skogfondordninga
  • Forvaltning av rentemidlar
  • Statlege tilskot til skogkultur (planting, ungskogpleie, 1. gongs tynning, kunstig kvisting)
  • Statlege tilskot til vegbygging
  • Statlege tilskot til drift i vanskeleg terreng
  • Statlege tilskog til miljøtiltak i skog
  • Kommunalt tilskot til avverking 
  • Offentleg statistikk

I tillegg kjem mange ikkje-lovpålagde oppgåver som vegstikking, kurs, skjønn og ymse rettleiing. I alle saker som gjeld skogbruk tek du kontakt med skogbrukssjefen. 

Kontakt

Kari Hånsnar
Landbruk og kultur
Mobil 991 62 602