Tilskotsordningar

Det blir gjeve tilskott til skogbrukstiltak frå staten (NMSK) og kommunen, for å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket. For å kunne få tilskott må tiltaka må vere skogbruksfagleg, økonomisk og miljømessig forsvarleg utført. Dokumentasjon for mengde/omfang, kostnad og kartfesting av tiltak må framleggjast.

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Føremålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå regionale og lokale prioriteringar blir stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne blir tatt vare på og vidareutvikla.

Det er kommunane og fylkesmannen som har saksbehandlaransvaret for tilskotta, og som lagar retningsliner for tilskott. 

Ei samla oversikt over tilskotsordningar for skogbruk finn du på Landbruksdirektoratet sine sider. 

Ta kontakt med skogbrukssjefen dersom du har spørsmål til ordningane. 

 

Kommunale tilskot

Skjåk næringsfond kan gje tilskot til:

  • Bygging av skogsvegar
  • Avvirkning
  • Drift i mellomvanskeleg terreng

Reglar og vilkår for tilskot finn du i vedtektene for næringsfondet (PDF, 11 MB)

Tilskotskjema for skogbruk (PDF, 265 kB)

 

Lom næringsfond kan gje tilskot til:

  • Avvirkning
  • Drift i mellomvanskeleg terreng 
  • Skogbruksvegar

Reglar og vilkår for tilskot finn du i retningslinjer for næringsfondet (PDF, 183 kB)

Søknadsskjema (PDF, 47 kB)

Kontakt

Kari Hånsnar
Landbruk og kultur
Mobil 991 62 602