
Dei regionale miljøtilskota skal stimulere til ein auka miljøinnsats i jordbruket utover det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram som beskriv utfordringar og mål for jordbruket på miljø- og klimaområdet. Jordbruket i Innlandet skal oppretthalde eit variert og ope kultur- og seterlandskap, samt bevare og utvikle natur- og miljøverdiane gjennom aktiv skjøtsel og bruk av ressursgrunnlaget. Jordbruket i Innlandet skal drivast miljøvenleg og med god agronomi som tek vare på produksjonsgrunnlaget og reduserar forureining og klimagassutslepp per produsert eining.
Tilskotsformåla er definert i eiga forskrift. Desse er mellom anna:
- Drift av bratt areal
- Drift av beitelag
- Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark (gjeld for Bøverdalen og Bråtågrenda)
- Slått av slåttemyr og slåttemark
- Skjøtsel av biologisk verdifulle areal
- Sonar for pollinerande insekt
- Drift av seter (NB! Minst fire veker per sesong)
- Skjøtsel av freda kulturminner
- Skjøtsel av jordbruksareal i seterområder
- Ingen jordarbeiding om høsten (gjeld kun enkelte vekster)
- Spreiing av husdyrgjødsel etter definerte vilkår
- Ugrasharving i åker
- Klimarådgjeving
Alle jordbruksføretak som har rett på produksjonstilskot kan søke på desse, og tilskota blir tildelt etter standardvilkår og faste satsar til alle som tilfredsstiller vilkåra. I tillegg kan organiserte beitelag søke om tilskot til årleg drift, basert på talet på dyr sleppt på beite i utmark.
Guide til utfylling av søknaden: RMP-Steg for steg 2019 (PDF, 3 MB).
Rettleiing i bruk av kartløysinga i søknaden: Kart_veiledning_2019 (PDF, 5 MB)
Søknadsfrist: 15. oktober
Søknadsfrist organisert beitebruk: 15. november
Søknadsskjema og meir info finn du her: