Nytt frå næringsavdelinga

Næringsavdelinga i Skjåk kommune sendar ut nyheitsbrev med næringsrelatert informasjon annakvar veke. Hald deg oppdatert på nytt innan næringslivet ved å melde deg på nyheitsbrevet. 

PÅMELDING NYHEITSBREV

Frå måndag 23. januar til fredag 27. januar kan du melde deg opp til norsk språkprøve for våren 2023.

Lom, Skjåk, Dovre, Lesja og Vågå kommunar mottok onsdag kveld Beiteprisen 2022 for samarbeidsprosjektet "Berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark".

Det blir landbruksmøte 22. november med fokus på beredskapen på garden. Møtet er i Marlo grendehus kl. 19.30.

Har du ei bedrift med vekstpotensial, motivasjon til forandring og evne til gjennomføring? Da kan din bedrift bli utvalt til å delta på Innovasjon Norge sitt utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter (SMB-utvikling)!

AdobeStock_434295641.jpeg

Beitebrukarar lir i år store tap til rovvilt i Lom og Skjåk, og det er no høgsesong for tap til jerv. Det er ei stor belastning for gardbrukaren sjølv og dei næraste rundt. Vi vil derfor minne om kommunane sitt helsetilbod for dei som treng nokon å prate med. 

Landbrukskontoret vil frå og med august ha fast kontordag på Midtgard kvar onsdag. Vi held til i 3. etasje saman med miljø, teknisk og næring. Avtal gjerne eit besøk på med oss på førehand.

 

Skjåkutstillinga 25år

Skjåkutstillinga på Galleri Mathilde er 25 år i år! Skjåk kommune gratulerer og takkar for innsatsen, som Mathilde Skamsar gjer for kunsten og kunstnarar i og kring Skjåk. Skjåkutstillinga er ei heilt særeigen og variert salsutstilling med kunst frå både profesjonelle og amatørar. Den syner eit fenomenalt mangfald.