Skjåkutstillinga 25 år!

Skjåkutstillinga 25år - Klikk for stort bildeOrdførar Edel Kveen, takkar for innsatsen Mathilde Skamsar gjer med Skjåkutstillinga. Skjåk kommune gratulerer med 25 års jubileum. Marianne Stensgård Skjåkutstillinga på Galleri Mathilde er 25 år i år! Skjåk kommune gratulerer og takkar for innsatsen, som Mathilde Skamsar gjer for kunsten og kunstnarar i og kring Skjåk. Skjåkutstillinga er ei heilt særeigen og variert salsutstilling med kunst frå både profesjonelle og amatørar. Den syner eit fenomenalt mangfald.

Skjåkutstillinga 25 år!

Mathilde Skamsar arrangerer salsutstilling for 25 gong i år! Det er så mange kunstnariske talent rundt oss i Skjåk, seier Mathilde som tek varmt imot oss når Skjåk kommune kjem på besøk til galleriet hennar.

I år er det totalt 21 kunstnarar som har levert verk til salsutstillinga. Det er folk i alderen frå 15 til 83 år. Blant desse er det 4 nye, som ikkje har vore med på utstillinga før. Sjur- Magnus Gundersen er ein av desse nye. Han starta den kunstnariske karriera si, hjå Runa Aurmo på Skjåk Kulturskule. Han har halde liv i spira som vart sådd den gongen og bidreg med flotte maleri på utstillinga. Systrene Ida og Anne Sperstad er har delteke alle åra som utstillinga har vore. Dei er båe anerkjente kunstnarar og to av åtte sysken som alle har kreativt blod i årene. Det er prisverdig at dei har vore med i alle desse åra, og dei har båe stor evne til å fornye seg, seier Mathilde.

Ordføraren og underteikna er heldige å få kunnskapsrik vegleiing gjennom heile utstillinga og vi får høyre historia til kvar enkelt kunstnar. Vi høyrer om slektskap og tilknyting til Skjåk, kven som har studert kunst og kven som "berre har det i seg".. Maria Lundekvam- Nakkeid, mellom andre, har ei bestemor frå Skjåk og er den yngste kunstnaren på utstillinga. Ho er berre 15 år, men har eit svært høgt nivå på det ho har laga.

Ulike teknikkar og produkt

Det er levert mange bilde som er laga med ulike teknikkar på utstillinga. Dei ulike teknikkane og fargene treff dei besøkande ulikt. Det er dette som er så fasinerande med kunst. Det er også dreia treprodukt i alle slags størrelsar og fasongar frå Oddbjørn Ramstad, fargerikt glas og særeigne bilde av hus med humoristiske sitat frå gamle avisar, frå Anna Grande. Ho har også laga det flotte skiltet som vi vert møtt med ved inngangen til Galleriet. Det er og nydeleg mosaikk av keramikkfliser med trykk frå element frå naturen, frå Martha Skogen på gamle Grotli. Ho og sonen Falk har også laga særeigne bilde med ein spesiell teknikk og fargar.

Å sette opp ei utstilling

Mathilde fortel at ho går litt inn seg sjølv når ho skal sette opp utstillinga. Ho må sjå det for seg i hovudet før ho tek til, som ho seier. Det er ein viktig jobb Mathilde gjer for kunsten i og kring Skjåk. Summe treng eit venleg dytt for å produsere og tørre å syne fram det dei produserer. Dette skjønar vi at Mathilde er god til. Ho bidreg til at kunsten blir synt fram og lyftar fram både kunst og kunstnarar, til glede og inspirasjon for oss som gjestar utstillinga. Det er ei heilt særeigen og variert utstilling med kunst frå både profesjonelle og amatørar. Dette syner eit fenomenalt mangfald.

Utstillarane på Skjåkutstillinga 2022 er:

Anne Sperstad Jacobsen, Ida Sperstad, Ingolf Hagen, Anna Grande Melhus, Silje M. Sperstad, Bodil Daae, Odd P. Olsen, Kari Utgaard, Brit Morken, Kjersti Bakke, Oddbjørn Ramstad, Tanja Hansen, Randi Venke Flækøy, Martha Rice Skogen, Karl Heldal, Rolf Arne Sandvoll, Maria Lundekvam- Nakkeid, Turid Sæten, Miriam Arstad, Sjur-Magnus Gudersen Aaboen, Thomas Ramstad

Skjåk kommune gratulerer med 25 års jubileet!

Ta deg ein tur på Skjåkutstillinga på Galleri Mathilde i sommar.

  • Den er ope frå 2. juli- 6. august
  • Måndag- fredag: 10-16
  • Laurdag: 11-14

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702