Fiber i heile Skjåk

 Fiberutbygginga er eit viktig fortrinn for innbyggjarane våre, og for folk og bedrifter som ynskjer å etablere seg i Skjåk.

Over 90 % av husstandane i kommunen er nå tilkopla høghastigheits breiband. Alle som ynskjer har nå kopla seg på og det er berre nokre få husttandar i Billingsdalen som ikkje har tilgang. Det er heilt unikt at ei distriktskommune som Skjåk har så godt utbygd nett. Skjåk Energi har stått for investeringane og det praktiske, medan Eidsiva Bredbånd tek over drifts,- vedlikehalds- og kundeansvaret når linene er lagt.
Fiberutbygginga i Skjåk tok til i 2003 i industrifeltet i Bismo. Sidan da har utbygginga gått jamt og trutt gjennom heile kommunen. Lokalt eigarskap og tilhøyre av Skjåk Energi, som har stått for utbygginga, og Skjåk kommune som har vore ein viktig bidragsytar, har vore ein stor fordel i prosessen. 

Tilbodet er eit viktig fortrinn for innbyggjarane våre, og for folk og bedrifter som ynskjer å etablere seg i Skjåk. Les også: Embjørg var den siste: Nå har «alle» i Skjåk fiber (+sak i Fjuken)