Nyttig seminar om rekruttering av ung kompetanse til distrikta

Skjåk kommune deltok nyleg på seminar og idedugnad om rekruttering av ung kompetanse til distrikta. Seminaret vart arrangert av prosjektet "Krafttak for grønn vekst". 

"Korleis kan vi lykkast betre med rekruttering av ung kompetanse til Gudbrandsdalen?"

Det var tema da prosjektet "Krafttak for grønn vekst" nyleg inviterte aktørar frå privat og offentleg sektor til seminar og idedugnad. Problemstillinga er svært interessant og relevant for strategiarbeidet i Skjåk kommune, og det er nyttig for oss i slike samanhengar å hente inspirasjon frå andre aktørar som har erfaring med liknande tiltak. Innleiarane på seminaret var Hildegunn Nordtug frå Distriktssenteret, Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad frå Vang i Valdres, Tomas Holmestad frå Young Professionals i Lillehammer og Gudbrandsdalen, og Tomm Andre Svae frå Omnilink.  

Vang i Valdres blir ofte trekt fram som ei kommune som har lykkast med tilflyttararbeid, og Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad bidro med eit interessant innlegg om temaet. Gjennom "Innovangsjon" har dei utvikla ein konkret strategi for korleis dei skal ta vare på nye tilflyttarar og inkludere dei i bygdesamfunnet. Det handlar om jobb, bustad, aktivitet og det sosiale livet. Nettsida vangivaldres.no gjev eit godt innblikk i korleis dei arbeider spesifikt med tilflytting og inkludering. 

   

Opptak av seminaret blir publisert på youtube-kanalen til den smarte grønne dalen i løpet av neste veke dersom det er interesse for å sjå det i sin heilheit. 

Sjå også prosjektsida til Krafttak for grønn vekst