TRYGG HAFEILLE - Tilskot til fjerning av piggtråd og gamle trådgjerde

I 2022 vil det vera mogleg å få tilskot til fjerning av piggtråd og gamle trådgjerde gjennom SMIL-ordninga i Lom og Skjåk. Søknadsfrist er 1. juni.

I 2010 vart det innført forbod mot bruk av piggtråd i samband med ny dyrevelferdslov. Piggtrådgjerde sett opp før 2010 fekk stå. 

Piggtrådgjerde og gamle trådgjerde kan vera farlege, og mange gamle gjerder er dårleg vedlikehalde og kan og ligge skjult i vegetasjonen. Mange dårlege og nedfalne gjerder har ingen funksjon lenger og bør/må bli fjerna. Andre gjerde må bli sett i stand, eller det må bli sett opp nytt gjerde.
Lom og Skjåk landbrukskontor ynskjer nå å bidra til opprydding og fjerning av piggtrådgjerde ved å innføre tilskot gjennom SMIL-ordninga. 

Lovverk og ansvar

Etter § 15 i dyrevelferdslova blei det frå 01.01.2010 eit generelt forbod mot å nytte piggtrådgjerde for å regulere dyreferdsel (husdyr, vilt og kjæledyr). Piggtrådgjerde sett opp før 01.01.2010 fekk stå. Gjerder frå før lovforbodet skal haldast ved like. Dette må da skje med anna materiale enn piggtråd.  Ansvaret for å sørge for at gjerdet er i orden ligg til den som eig grunn eller har rett på å nytte grunn.

Krav til standard på gjerdet er regulert i Lov om dyrevelferd:

§ 15. Bygninger, gjerder og mindre innretninger

Bygninger, gjerder og mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. 
Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen, skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennomføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenninger og belastninger.

Det er Mattilsynet som er delegert mynde til å fylgje opp brot på denne paragrafen.

Tilskotsordning

Lom og Skjåk har innført eit tilskott gjennom ordninga Spesielle Miljøtiltak I Landbruket (SMIL) der det blir gjeve eit tilskott pr meter fjerna trådgjerde/piggtråd. 

Det kan bli løyvd tilskott til: 

  • Fjerne og erstatte ståande piggtråd med liggjande bord eller topptråd.
  • Fjerning av laus piggtråd.
  • Fjerning av trådgjerde til nedfalls.

Tilskot:

  • Kr 15 pr. meter fjerna trådgjerde/piggtråd.
  • I tilfelle der fjerning av piggtråd/trådgjerde kan vere ekstra krevjande, kan ein søkje om tilskot etter anslått tidsforbruk.

Vilkår: 

  • Piggtråd og trådgjerde skal leverast på miljøstasjonen. Kvittering på levering må leggast ved for utbetaling av tilskot.
  • Tiltaket må fylgje regelverk for SMIL-ordninga

Kven kan søkje:

  • For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigedom, og det må gå føre seg ein tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på landbrukseigedomen. Eigar som sjølv ikkje driv areala, kan søkje om tilskot dersom det blir drive tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på eigedomen. Leigetakar til det tilskotsberettiga arealet kan og søkje dersom det føreligg godkjenning frå eigar.

Søknad: 

  • Søknad skal leverast via AltInn, og du kan sjå her for direkte lenke til søknadsskjema. Les og meir på heimesidene til Lom og Skjåk kommunar. 

Avgrensing:

  • Tilskotet fell bort ved eventuelle pålegg om å fjerne ulovleg oppsett piggtråd

Dokumentasjon: 

For å få utbetalt tilskotet skal dokumentasjon leggjast ved rapporteringa.

  • Detaljert timeliste for utført arbeid
  • Kvittering for levering av piggtråd/trådgjerde til godkjend mottak
  • Bilete før og etter fjerning

Kontakt

Kari Hånsnar
Landbruk og kultur
Mobil 991 62 602