Status flaumførebygging i Bismo

Skjåk kommune På denne sida finn du oppdatert informasjon og kunngjeringar frå Skjåk kommune og NVE.

Det blir folkemøte om flaumsikring av Bismo, tysdag 18. oktober kl 18.00.

Kommunestyret i Skjåk gjorde 22.06.2022 i sak 35/2022 vedtak om å godkjenne "Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo" – planid. 34330001. Les meir i artikkel.

Skjåk formannskap gjorde 22. mars i sak 2022/25 vedtak om å legge forslag til detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo ut til offentleg høyring og ettersyn. Brev med varsel om oppstart av planarbeidet vart sendt 13. juli 2021, og kunngjort på kommunen si heimeside og med annonse i avisa Fjuken 15. juli 2021. Les meir i artikkel.

Skjåk kommune og NVE presenterte planen for flaumsikring av Bismo på eit digitalt folkemøte tysdag 22. juni. Presenstasjon frå møtet finn du i artikkel under, og med lenke til 3D-modell av Bismo med flaumvoll.

Tysdag 11. desember kl. 19.00 i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule.

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145