Reguleringsplan for flaumsikring av Bismo: Planforslag til offentleg høyring og ettersyn

Figur frå Planomtale

Skjåk formannskap gjorde 22. mars i sak 2022/25 vedtak om å legge forslag til detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo ut til offentleg høyring og ettersyn. Brev med varsel om oppstart av planarbeidet vart sendt 13. juli 2021, og kunngjort på kommunen si heimeside og med annonse i avisa Fjuken 15. juli 2021. Les meir i artikkel.

Planforslag til offentleg høyring og ettersyn

Formålet med planarbeidet er å legge reguleringsmessig til rette for at det kan bli bygd eit flaumsikringsanlegg i samsvar med revidert tiltaksplan frå NVE.  Formålet med tiltaka i NVE sin plan, er å sikre Bismo sentrum mot flaum i Ottaelva og Skjåkheimen mot flaum i Fjukenbekken. For å oppnå formålet, er det mellom anna framlegg om å bygge ein om lag 2250 m lang sikring langs Ottaelva beståande av flaumvollar, flaumsikringsmur og drenerings-/pumpeanlegg, samt å bygge eit anlegg for inntak og bortleiing av vatn frå Fjuken. I planforslaget er også innregulert ein 3 meter brei turveg som går oppe på flaumvollane og på strekninga mellom desse.

Med grunnlag i at reguleringsplanen også skal sikre tilstrekkeleg areal til riggområde og for anleggsverksemda, har ein måtte utvide planområdet med om lag 19 dekar i forhold til varsel om oppstart. Slike areal skal vere avlagt som midlertidige bygg- og anleggsområde på plankartet og vere tilknytt planføresegner.  Mellom anna er planområdet derfor utvida til å omfatte eit areal ved Industrivegen og eit areal vest for Bellingsdalsvegen, GID 126/108. Begge areala er eigd av kommunen og er planlagt nytta til riggområde.

Reguleringsplanområdet er på 324,5 dekar og omfattar både areal for framtidige permanente sikringsanlegg, areal for mellombelse anleggs- og riggområder og elveareal. I hovudsak omfattar byggeområdet for flaumsikringsanlegga kommunal eigedom langs Ottaelva. I tillegg vil desse eigedomane bli direkte råka av tiltaket og/eller anleggs- og riggområde:  GID 30/1, 34/10, 126/2, 126/3, 126/97, 126/103, 126/128, 126/132, 126/137, 126/141, 127/1, 127/38 og 247/16.

Planforslaget består av følgjande dokument:

  • Reguleringsplankart - digitale filer eller utskrift i målestokk 1: 1500  i A0-format
  • Planføresegner
  • Planomtale (dette dokumentet)
  • ROS-analyse

Desse dokumenta er vedlagt som filvedlegg, saman med sakspapir frå behandling i Hovudutval for miljø og samfunnsutvikling og formannskapet. Det er også vedlagt eit oversiktskart som viser avgrensinga av planområdet, flaumsikringsanlegga og traseane for turvegar som ligg i planforslaget. Dokumenta ligg også til gjennomsyn på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.

Frist for å kome med uttaler til planforslaget

Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til 6. mai 2022. Uttalar sendast Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk, eller på e-post til post@skjaak.kommune.no. Merk uttalen med sak nr. 2021/1652.

Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post  oyvind.pedersen@lom.kommune.no

Vedlegg:

  1. PLANOMTALE FOR DETALJREGULERINGSPLAN (PDF, 3 MB)FOR FLAUMSIKRING AV BISMO I SKJÅK KOMMUNE
  2. PLANKART / DETALJREGULERINGSPLAN (PDF, 22 MB) FOR FLAUMSIKRING AV BISMO I SKJÅK KOMMUNE
  3. Reguleringsføresegner (PDF, 391 kB) for detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo.
  4. ROS-analyse (PDF, 2 MB)for REGULERINGSPLAN FOR FLAUMSIKRING AV BISMO.
  5. Sakspapir 1 gongs behandling (PDF, 464 kB)- Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo.
  6. Oversiktskart (PDF, 851 kB) over flaumsikringsanlegg og turvegar

Kontakt

Øyvind Pedersen
Arealplanleggar
Mobil 473 33 678