Viltforvaltning

Klikk for stort bilde Elias Sperstad  

I Skjåk er utval for vilt og fisk delegert mange av oppgåvene innan viltforvaltning, mellom anna tildeling av fellingsløyver på elg, hjort og rådyr.

Skjåk kommune er inndelt i 2 godkjente vald:

  • VALD 1: Skjåk Almenning. Teljande areal 217.000 dekar
  • VALD 2: Skjåk Utmarksråd. Teljande areal 67.830 dekar

Jaktrettshavarane i Skjåk samarbeider om ein felles bestandsplan og får normalt tildelt fellingsløyver for tre år. Tildelinga er overordna regulert gjennom minsteareal (areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr).

Areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr.
Hele/deler av kommunen Elg minsteareal daa Hjort minsteareal daa Rådyr minsteareal daa
Skjåk Almenning 3500 4000 4500
Skjåk Utmarksråd 2000 1000 1500


Dei siste åra har det vore felt over 100 elg og 100 hjort og i underkant av 50 rådyr.
 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145