Kommunale bustader

Skjåk kommune eig bustader for ulike målgrupper. Bustadane blir utleigd etter søknad gjennom bustadnemnda i Skjåk kommune. 

Omsorgsbustader

Utleigebustader tilpassa behov til eldre, uføre og vanskelegstilte som ikkje har tilfredsstillande butilbod.

Kommunen har 35 omsorgsbustadar. Alle ligg i Bismo. Av desse ligg 14 inne og 7 i nær tilknytning til Skjåkheimen alders- og sjukeheim

Flyktningebustader

Flyktningar har fyrsterett til å leige desse, men dersom kommunen ikkje har flyktningar som treng butilbod, kan desse bustadane leigast ut til andre. Kommunen har 10 slike bustadar. Alle ligg i Bismo.

Gjennomgangsbustader

Bustadane er meint som mellombels butilbod for kommunale arbeidstakarar og andre som er interesserte i bustad. Kommunen har 8 slike bustader. Av desse ligg 6 i Bismo og 2 i Aurmo

Bustadane blir utleigde gjennom bustadnemnda. Kontakt servicetorget for meir informasjon.

Det er ikkje mva. på kommunale bustader. Kommunale avgifter kjem i tillegg til leigeprisen, med unnatak av Skjåkheimen-bustader. Sjå gebyr/prisar her

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00