Kurset tek utgangspunkt i Forskrift om brannforebygging, og vil gjeva kunnskap og opplæring i forhald til krav til eigar og brukar av byggverk.

Kursinstruktør: Atle Festervoll
Tid/ stad: Fossberg Hotell i Lom 16 juni kl. 8 - 15

 I Norge er det generelt bålforbod frå 15. april til 15. september, i både Lom og Skjåk kommune er det også utarbeidd lokal forskrift i forhald til brenning.
 


 

Kurs i varme arbeid tysdag 31. mai.

 

Sal av fyrverkeri krev særskild løyve.

 

Mange skal på hytta i påska, og da er det viktig at ein sjekkar at hytta er godt sikra mot brann. Det aller viktigaste er å sjekke at røykvarslaren fungerar.

Kurs i varme arbeid i Skjåk måndag 21. mars, kl. 8 - 15 på kommunestyresalen.
Kursinstruktør: Atle Festervoll
Kurset koster kr 1840,- inkl. digitalt sertifikat frå Norsk brannvernforening, og enkel lunsj på kursdagen

 

Påmelding til Lom og Skjåk brannvesen tlf 9598 9948 (send gjerne sms) eller epost til; lsb@skjaak.kommune.no, innan 16. mars.

 I Skjåk er det kun lov å sende opp fyrverkeri ein time før og ein time etter midnatt på nyttårskvelden, altså frå kl 23 til 01.

I samband med den årlege kampanja "Røykvarslardagen 2021" vil brannvesen og eltilsyn vera å treffe i butikk.

 

Kom innom for ein uformell prat om branntryggleiken. Det blir utdeling av røykvarslarbatteri og sjekkliste for brannførebygging heime.


Lom coop ( extra)      tysdag 7. desember  kl. 11-14  (saman med Fjellnett)
Skjåk kjøpesenter      torsdag 9. desember kl. 12-15 (saman med Skjåk Energi)  AVLYST

  Røykvarslardagen den 1. desember markera inngangen til høgsesong for brannar. Det finns ca. 10 millionar røykvarslare i norske heimar, men mange er ikkje klar over at desse har avgrensa levetid.

 

 

Tenk igjennom kva slags farer og ulykkar som kan ramme deg heime, og ver best mogleg førebudd. Viss straumen blir borte eller du blir isolert av været i fleire dagar, bør du vera rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.