Røykvarslardagen den 1. desember markera inngangen til høgsesong for brannar. Det finns ca. 10 millionar røykvarslare i norske heimar, men mange er ikkje klar over at desse har avgrensa levetid.

 

 

Tenk igjennom kva slags farer og ulykkar som kan ramme deg heime, og ver best mogleg førebudd. Viss straumen blir borte eller du blir isolert av været i fleire dagar, bør du vera rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.

Tysdag 24. august og onsdag 25. august denne veka blir det gjennomført fagdagar i overflateredning ved område Storøya og Ofossen i regi av Lom og Skjåk Brannvesen.

Er du bekymra for din eller andres branntryggleik? Har du oppdaga forhald som du meinar er brannfarleg og ynsker å melde frå om dette? 
Meld inn til lokal brannvesen via Branntips.no, saman kan vi førebygge brann!

Kurs i varme arbeid i Skjåk torsdag 1. juli kl. 8 - 15 på kommunestyresalen.
Kursinstruktør: Atle Festervoll
Kurset koster kr 1780,- inkl. digitalt sertifikat frå Norsk brannvernforening, og enkel lunsj på kursdagen

 

Påmelding til Lom og Skjåk brannvesen tlf 9598 9948 (send gjerne sms) eller epost til; lsb@skjaak.kommune.no, innan 28. juni.

Skogbrannplakat

 

Finværet fortset, og der med aukar skogbrannfara. 
Brannvesenet minnar om det generelle bålforbodet
som gjeld for heile Norge.  

St hansbål

Brannlova sine retningslinar for bålbrenning gjeld også for St Hansbål.
Det er generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september.

Brenning av bål eller annan bruk av open eld i eller mot skogsmark er forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15. april - 15. september

Sal av fyrverkeri krev særskild løyve.

AdobeStock_231035366

I Skjåk kommune er det i fylgje politivedtekta kun tillate å sende opp fyrverkeri ein time før og ein time etter midnatt, altså i tidsperioden 23.00-01.00.