Branntryggleik i påska

Man Ole Jørgen Kjellmark ge skal på hytta i påska, og da er det viktig at ein sjekkar at hytta er godt sikra mot brann. Det aller viktigaste er å sjekke at røykvarslaren fungerar.

I vårt område er det mange hyttar og fritidsbustadar. I takt med utvikling i aukande velstad, har også hyttane vorte større og meir påkosta. Men sjølv om  mange brukar hytta mykje, står dei fleste hyttar ubrukt i fleire vekar i strekk.

Difor kan ikkje ikkje dette viktige bodskapet seiast for mange gonger; Kvar gong hyttablir take i bruk må ein sjekke at røykvarslaren fungerar. Batteriet kan ha gått tomt sidan førre gong ein sjekka....Pass difor på å alltid ha ekstra røykvarslarbatteri på hytta. Og er du i tvil, sett det opp på handlelista til påska.

Mange hyttar ligg utanfor allfarveg, og utrykkingstida er ofte lenger enn i meir sentrale område. Difor er det viktig at ein ikkje tek ferie frå branntryggleiken når ein reiser på hytta.. Vi har ingen å miste i brann.

Brannvernforeninga si sjekkliste for brannsikker hytte:

  • Sjekk røykvarslaren kvar gong du kjem på hytta
  • Ha alltid batteriar i reserve.
  • Sørg for rikeleg tilgang på sløkkeutstyr.
  • Gå aldri frå levande lys.
  • Ikkje bruk peis/ omn som tørkestativ.
  • Deponer og kaste oskeavfall på ein forsvarleg måte.
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
  • Ver ekstra  varsom ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamnleg.
  • Bruk godkjende fagfolk til utbetringar som krev dette.