Forbod mot eld i skog og utmark

Klikk for stort bildeBrenning av bål eller annan bruk av open eld i eller mot skogsmark er forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15. april - 15. september

Brenning av bål eller annan bruk av open eld i eller mot skogsmark er forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15. april - 15. september. Dette på grunn av fare for skog, gras- og lyngbrannar.

Risiko

Ved gras og bålbrenning før 15. april må likevel risiko for brannspredning vurderast nøye. Det er fleire stadar veldig tørt, og den som fyrar opp bål eller anna ope eld må har tilgjengeleg tilstrekkeleg og eigna sløkkemiddel i tilfelle ein brann utviklar seg. Røyk som blir observert i skogsmark kan bli oppfatta som skogbrann og meldt brannvesenet.

HUGS: den som har forårsaka utrykking p.g.a. ulovleg brenning blir normalt anmeldt og må dekke kostander med utrykking.

Les lokal forskrift som gjeld brenning generelt.