Fyrverkeri og eksplosiver

AdobeStock_231035366 - Klikk for stort bilde Adobe Stock I Skjåk kommune er det i fylgje politivedtekta kun tillate å sende opp fyrverkeri ein time før og ein time etter midnatt, altså i tidsperioden 23.00-01.00.

Sal av fyrverkeri krev særskild løyve

Brannsjefen kan gjeva løyve til handel av pyroteknisk vare eller fyrverkeri i Lom og Skjåk. Du finn viktig informasjon om dette på bloggen til Lom og Skjåk Brannvesen.

Det er viktig å merke seg at søknad med vedlegg skal sendast brannsjefen innan 30. april i salsåret.