Handelsløyve for fyrverkeri 2021

Klikk for stort bildeSal av fyrverkeri krev særskild løyve.

Brannsjefen kan gjeva løyve til handel av pyroteknisk vare eller fyrverkeri i Lom og Skjåk. Søknad om løyve skal sendast på eige skjema som er utarbeidd av Norsk pyroteknisk forening og Direktoratet for Brann og samfunnssikkerhet.

Søknad med vedlegg skal sendast brannsjefen innan 30. april i salsåret.

Søknad skal sendast til:

Lom og Skjåk brannvesen
Moavegen 30
2690 Skjåk
Søknad kan også sendast på epost til: post@skjaak.kommune.no