Vatn og avløpDet er kommunale vassverk i Bismo, Aurmo, Dønfoss/Øyberget, Uppnose, Nordberg skule, Marlo skule, Grotli og Billingen hyttefelt.Kommunen har renseanlegg med avløpsnett i Bismo, Aurmo og Dønfoss, Grotli og Billingen hyttefelt. Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga og det er tilsett eigne driftsoperatørar. Teknisk vakt har ansvar for å oppretthalde normal drift av vatn- og avløpsanlegga utanom ordinær arbeidstid. FeilrettingTrykket på vassnettet ved bygningar er 2-7 kg. For lågt eller høgt trykk i fleire hus nær kvarandre, kan skuldast feil på kommunen sitt vassnett. Svikt i vasstilførsel som skuldast brot, skal normalt rettast innan 15 timar. Ved langvarig brot vil kommunen hjelpe til med provisorisk forsyning. Feil i trykkforhold som skuldast feil på teknisk utstyr, skal normalt rettast innan 7 dagar. Brot på kloakkledning skal rettast innan 1-2 dager avhengig av skadeomfanget.VassprøverKommunen sender inn vassprøver frå vassverka sine til analyse i laboratorium ein gong i månaden. Prøver frå private vasskjelder kan sendast inn saman med desse. Prøveflasker får du ved å henvende deg i servicetorget på kommunehuset.Tømmerutinar Slamavskiljarar frå bustadhus blir tømt anna kvart år. Gebyret blir fordelt over 2 år og fakturert eigar over 8 terminar. Slamavskiljarar frå fritidsbustadar blir tømt fjerde kvart år. Gebyret blir fordelt over 4 år og fakturert eigar over 4 terminar. For tette tankar på bustadhus og fritidsbustadar er det krav om tømming kvart år og fakturert eigar over 4 terminar. Tømming utanom oppsett køyreplan blir fakturert etter eigen sats «Ekstra tømming». Slamavskiljarar som ikkje fungerer blir fakturert som tette tankar. Slambehandling frå bedrifter blir fakturert etter faktiske kostnadar pluss påslag på 5% for å dekke administrasjonskostnadar. Publisert24.05.2017 14.12 Sist endret10.12.2020 10.21