Septikrenovasjon

 

Om du har privat avløpsanlegg:

Skjåk kommune har eiga forskrift som regulera sprett avløp i kommunen.

Septikrenovasjon i Skjåk er sett burt til privat aktør, tøyming og transport til behandlingsanlegg skjer etter faste syklusar. Septikrenovasjon er regulert etter sjølvkostprinsippet, d.v.s. at tenesta skal balansere økonomisk.

  • Kvart år: Alle med tett tank.
  • Anna kvart år: Bustadar med infiltrasjon. Solside og Billingsdalen på år med partal. Bakside og Bråtå på år med oddetal
  • Fjerde kvart år: fritids bustadar med infiltrasjon.

Septikrenovasjon ligg inne i kommunalt gebyrregulativ.

Septikrenovasjon ligg inne i kommunalt gebyrregulativ.
Septikrenovasjon 2022 ( kroner utan MVA)
Tøyming overskridande volum, pr m3 740
Tøyming slamavskiljar og tett tank, fritidsbustad. Inntil 4 m3 3270
Tøyming slamavskiljar og tett tank, bustad. Inntil 4 m3 3270
Tøyming tett tank i fritidsbustad, inntil 3 m3 2320
Tøyming utanom køyreplan, 0-5 m3 4770
Naudtøyming (12 timer), 0-5 m3 5570
Slambehandling for bedriftar 395

Alle prisar er utan MVA. Les meir om kommunale gebyr i Skjåk kommune

Har du problem med avløpsanlegget ditt kan det være lurt å kontakte ein fagperson for sjekk av evt. feil, eller kontakte transportør for evt spyling, ekstratøyming eller nødtøyming alt etter kva som er problemet. Husk at dette er anleggseigar sitt ansvar, ekstra arbeid på private anlegg vil bli fakturert til anleggseigar.

Om Gmiljø AS

Gmiljø er en bedrift som jobber innenfor vann- og avløpsteknikk, farlig avfall og tørrsuging. Vårt geografiske kjerneområde er Innlandet, Møre og Romsdal, Oslo og Viken Nord. Men utfører større oppdrag over hele landet.

Gmiljø AS  

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Mobil 990 07 490