Kommunale vegar
Drift og vedlikehald av
- Bustadvegar i Bismo, Aurmo og Uppnose
- Veg til Holemork barnehage
- Sygard - Kvatsteinslettom
- Brumillomsvegen
- Gamle Vollungsbru, Ofossbrua og Bukkeoddbrua, Bismo renseanlegg
- Veg inn til Tundramoen
NB: Skjåk Utbyggingselskap har ansvar for Sotvegen. Spørsmål rundt Sotvegen kan sendast til Skjåk Almenning eller gå inn på Informasjonsside for Sotvegen på facebook.
Gateljos
- Gateljosa er utkopla frå 1. mai til 15. august.
- I vinterhalvåret er gateljos sløkte mellom kl 01:00 og kl 06:00.
Det er hovudettersyn på gateljosa med pæreskift i september og januar.
Fjerning av tre og buskar
Grunneigarar har plikt til å fjerne tre og buskar som hindrar sikt langs vegar og kryss og som kan væra til hinder for brøyting og strøing. Dersom grunneigar forsømer seg på dette, kan kommunen setja i gang fjerning av tre og buskar på grunneigar sin kostnad.
Brøyting (sjå eget menypunkt øvst)
All brøyting og strøing av kommunale vegar er sett bort til private entrepenørar. Brøyting skjer når det er 5 cm snø. Vaktmeistrar og teknisk vakt har ikkje ansvar for sandstrøing av gang- og sykkelvegar. Berre ved kommunale bygg.
Strøing
Skjåk kommune prioriterer strøing av kommunale vegar på bratte vegstrekningar og for mjuke trafikkantar. Vi vurderer glatt føre opp mot godt vinterføre og sparkføre.
Butikkeigarane har ansvar for plassen framfor Skjåk kjøpesenter, Statoil og Skeimoplassen. Statens vegvesen har ansvar for å brøyte og strø riksveg 15, fylkesvegane, samt gang- og sykkelvegane langs riksveg 15.
Borgermelding
No kan du varsle Skjåk kommune om feil og manglar i eigen app! Les meir om tenesta her