Kunngjeringar og høyringar

På denne sida finn du planar som er lagt ut til offentleg ettersyn/på høyring og andre viktige kunngjeringar. Dette inneber at du har kan gje innspel til planforslaga, og at desse innspela blir tatt med og vurdert i den vidare behandlinga av planen.

Informasjon om høyringsfristar og kor du kan senda høyringsinnspel finn du ved å gå inn på saka.

Kommunestyret i Skjåk gjorde 22.06.2022 i sak 35/2022 vedtak om å godkjenne "Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo" – planid. 34330001.

Vassforsyning

Skjåk kommune legg med dette ut framlegg til ny vass- og avløpsforskrift ut på høyring. Frist for innsending av uttale er sett til 31. august 2022.