Innlevering av listeforslag
Parti og grupper som ynskjer å stille ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023, må ha levert listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen med ansvar for valdistriktet dei ynskjer å stille til val i, innan 31. mars klokken 12.
Du kan lese meir om listeforslag på nettsidene til Valg.no.
Førehandstemme
Du kan førehandstemme frå 10. august til og med 8. september. I denne perioden kan du stemme i vallokale over heile landet.
Du kan lese meir om å førehandstemme på nettsidene til Valg.no.
Tidlegstemme
Frå 3. juli til 9. august kan du tidlegstemme i kva som helst kommune dersom du ikkje har mogleheit til å stemme i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen.
Ta kontakt med kommunen du ynsker å tidlegstemme i for meir informasjon.
Du kan lese meir om å tidlegstemme på nettsidene til Valg.no.
Legitimasjon
Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å gje opp namn og fødselsdato.
Du kan lese meir om kva for legitimasjon som er gyldig på nettsidene til Valg.no.
Vallokale i Skjåk
Vallokale på valdagen er kommunestyresalen på kommunehuset i Skjåk.
Om du ynskjer å tidlegstemme eller førehandstemme, gjer du det i servicetorget på kommunehuset.