Kontrollutval

Kontrollutvalet:

Kommunestyret har det øverste tilsynet med den kommunale forvaltninga. Kontrollutvalet har som oppgave å utføre kontroll og tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og er eit lovfesta, obligatorisk utval. Kontrollutvalet skal utøve arbeidet sitt i samsvar med kommunelova og forskrift for kontrollutvalg.

Kontrollutvalet kan ta opp eit kvart tilhøve ved den kommunale verksemda, så lenge det kan definerast som kontroll og tilsyn. I tillegg kjem enkelte konkrete lovfesta oppgaver. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at kommunen har ein forsvarleg revisjonsordning, og gjennomføre og følge opp forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar.