Brukarrådet i Skjåk

Klikk for stort bilde

Det er lovfesta at alle kommunar skal ha eit råd for menneske med nedsett funksjonsevne eller anna likeverdig representasjonsordning. I Skjåk kommune har rådet nemninga «Brukarrådet».

Ihht "§2 Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m, er kommunen pålagd å opprette eit råd som tek vare på rettane og verdiane til menneskjer med nedsett funksjonsevne." (Sjå link nederst)

 

Brukarrådet

Brukarrådet skal sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med sakar som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne. Brukarrådet i Skjåk har fem representantar; tre er etter forslag frå organisasjonar og to er politikarar.

Medlemmar i Brukarrådet 2015-2019
Medlemmar i Brukarrådet 2015-2019
Medlemmar (brukarane) Varamedlemmar
Monica Wegner Nora Fosstuen
Reidun Aaboen Ola L. Haugen
Mari Langleite Barrusten Else Brandsar
Brukarrådet 2015-2019
Brukarrådet 2015-2019
Politisk representasjon Vara (politisk)
Eva Therese Hyrve Bosmen Edel Kveen
Vidar Vange Inge Gjerdet

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00