Stortings- og sametingsvalet 2017

valglogo_gull_nynorsk - Klikk for stort bilete

Stortings- og sametingsvalet 2017 blir halde måndag 11. september 2017. 
Det blir eitt røystelokal i Skjåk frå og med Stortingsvalet i 2017. Skjåk kommune sin kommunestyresal i Bismo skal vere røystestad for Stortings- og sametingsvalet 2017.

Røystelokalet vil ha opningstid: frå kl. 09.00-18.00 måndag 11. september 2017

Stortings- og sametingsvalet 2017

Stortinget er Noregs folkevalde nasjonalforsamling. 169 representantar blir
valde kvart fjerde år. Dei skal representere innbyggjarane i alle dei 19 fylka
våre. Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er å vedta lover, bestemme statsbudsjettet og kontrollere regjeringa.

Kven blir valde?

Kvart fylke har fått tildelt eit fast tal representantplassar på Stortinget. Ved valoppgjeret blir plassane fordelte mellom partia/gruppene i fylket. Så finn ein ut kva for kandidatar som får plassane. Deretter blir valresultatet i fylket sendt til riksvalstyret, som bereknar kva for kandidatar som får utjamningsmandata. Kvart fylke får eitt utjamningsmandat. Totalt skal 169 representantar veljast til Stortinget.

Les meir her: valbrosjyre (PDF, 976 kB)

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Telefon 61 21 70 00