Stortingsval og Sametingsval 2021

Klikk for stort bilde

Dato og tid

I Skjåk skal Stortings- og Sametingsvalet 2021  gå føre seg måndag 13. september kl 09.00-18.00.

Stad

Stemmelokale for Skjåk kommune er kommunestyresalen som ligg i kommunehuset.

Digitalt valkort

I år blir det sendt ut digitale valkort.

Når du som veljar får valkortet digitalt, vil du som har smarttelefon kunne ha valkortet tilgjengeleg når du skal stemme. Valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett ved valet. 

Valkort på papir

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, vil få valkortet tilsendt på papir.

Les meir om digitale valkort på valg.no

Meir informasjon om valet

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway