Førehandsstemme heime og på institusjon

Klikk for stort bilde 

Er du sjuk eller ufør og ikkje kjem deg til vallokalet i førehandsstemmeperioden, kan du søke kommunen om å få stemme heime. Det held at du ringer kommunen og ber om å få stemme der du oppheld deg fordi du er sjuk eller ufør. Dersom du får lov til å stemme heime, kjem det valfunksjonærar frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma di der.

Fristen for slike søknader er 10.09.2021 kl.10.00. Ta kontakt med kommunen.

Skjåkheimen med omsorgsbustader

Det blir mottak av førehandsstemmer på Skjåkheimen med omsorgsbustader 2. september 2021 kl. 11.00 – 14.00.

 

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway