Barnehagar i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Oppdatering om flaumen i Skjåk

Det ordinære tenesteapparatet i Skjåk kommune fungerer no som normalt.

Skjåk kommune ynskjer ei oversikt over kven som ikkje kan flytte heim grunna flaumen, ver vennleg ring oss på tlf. 61217000 (kl 09.00 - 15.00). Har du spørsmål til Skjåk kommune som gjeld flaumen, kan du ringe tlf 6121700 eller sende e-post til: post@skjaak.kommune.no

Alle evakuerte i Skjåk kommune kan no vende attende til sine heimar.

Vi åtvarar alle til å halde seg unna elvekanten no når elva trekkjer seg tilbake. Det er fare for at elvekanten/skråninga kan rase ut.

STENGDE/OPNE VEGAR 

Dei fleste av vegane i Skjåk er opne for trafikk med unntak av:
•    Industrivegen mellom Interfil og Glasitt er stengt, omkøyring via Interfil 
•    Elvevegen i Aurmo er stengt, omkøyring via gang- og sykkelveg. 
•    Bokkeoddbrua og Marlo bru er stengt. 
•    I tillegg til at Sotvegen stengt ved Dyringsbrua.

KOKEVARSEL

Aurmo vassverk er no i drift att og fungerer som normalt utan restriksjonar og ein treng ikkje å tappe vatn før ein nyttar det. Vann frå Aurmo vassverk treng ikkje kokast.

Vi oppmodar fortsatt dei som er tilknytta Uppnose og Bismo vassverk og flaumutsette private brunnar til å koke drikkevatnet. For å sikre at alle bakterier i vatnet blir burte må vatnet kokast i minst tre minutt. Dette gjelder inntil vi gir ny beskjed.

Renseanlegget fungerer som normalt.

OPPDATERT INFORMASJON FINN DU HER

Barnehagar i Skjåk

Fant du det du leitte etter?