Undervisning blir gjeve vekselsvis i Lom og Skjåk. Søk deg inn på kor her:
Påmelding til barne- og ungdomskor
Barne- og ungdomskor
Eit tilbod til deg som ynskjer å vera ein del av eit kor og få songopplæring gjennom samsong med andre. Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Undervisninga krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving.
Dette tilbodet inngår i undervisninga for alle elevar som går på songopplæring ved kulturskulen. Desse elevane treng ikkje søkje på dette tilbodet. I tillegg er kortilbodet ope for alle elevar frå 1. klasse og oppover som ynskjer å vera med i eit kor. Koret har eigen timeplan. Koret vil ha eit variert repertoar. Du vil og få opplæring innanstemmebruk, songteknikk , aktiv lytting og musikkteori som du treng for å utvikle deg som songar i eit kor.
Mål for musikkopplæringa
Gjennom arbeid med musikk skal elevane:
- Oppnå gode ferdigheiter innan song, i alle faser og ut i frå ambisjonsnivå
- Oppleve glede over å meistre samt positiv sjølvutvikling
- utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede over musikk gjennom heile livet
- bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk
- få bruke sitt læringspotensiale fullt ut
- utvikle evne til samspel og samarbeid
- bli ressurspersonar som medverkar til eit levande kulturliv
- få moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk og andre aktuelle kunst- og kulturområde.
Læringsmål innan musikk
Faget er inndelt i fire faser. Innan alle fasene skal elevane jobbe med fem nøkkelkompetansar: høyre, lese, lage, øve og framføre. Døme på læringsmål er:
Høyre: eleven skal kunne imitere; spele /syngje melodiar på gehør
Lese: eleven skal lære å lese noter
Lage: eleven skal komponere og notere eigne melodiar
Øve: eleven skal øve jamleg og samarbeide med lærar og føresette om gode øvingsrutinar
Framføre: eleven skal få erfaring med å framføre musikk på små og store arenaer