Piano og keyboard

Klikk for stort bilde

Det vert gjeve undervisning på  piano men og moglegheit for keyboard. Undervisninga er i hovudsak notebasert, men inneheld og besifring- og gehørspel. Eleven blir kjend med ulike stilartar; klassisk, folketonar og samtidsnære musikkformer. Musikkteori er ein naturleg del av opplæringa.
I tillegg til firhendig pianospel, skal eleven få erfaring i samspel med andre instrument. Heimeøving er ein føresetnad for god progresjon.
 
Undervisning blir gjeve både i Lom og Skjåk. Søk deg inn på piano og keyboard her:
 

Opplæring på piano

Programmet har opptak for elevar som ynskjer å lære å piano.  Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Elevane vil få opplæring både individuelt og i samspelsgrupper. Undervisninga krev  tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving. 
 

Mål for musikkopplæringa

Gjennom arbeid med musikk skal elevane:
  • Oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, i alle faser og ut i frå ambisjonsnivå
  • Oppleve glede over å meistre samt  positiv sjølvutvikling
  • utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede over musikk gjennom heile livet
  • bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk
  • få bruke sitt læringspotensiale fullt ut
  • utvikle evne til samspel og samarbeid
  • bli ressurspersonar som medverkar til eit levande kulturliv
  • få moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk og andre aktuelle kunst- og kulturområde.

Læringsmål innan musikk:

Faget er inndelt i fire faser.  Innan alle fasene skal elevane jobbe med fem nøkkelkompetansar: høyre, lese, lage, øve og framføre.  Døme på læringsmål :
 
Høyre: eleven skal kunne  imitere; spele /syngje melodiar på gehør
Lese: eleven skal lære å lese noter
Lage: eleven skal komponere og notere eigne melodiar
Øve: eleven skal øve jamleg og samarbeide med lærar og føresette om gode øvingsrutinar
Framføre: eleven skal få erfaring med å framføre  musikk på små og store arenaer

Kontakt

Oddrun Kvalheim
Rektor, Lom & Skjåk kulturskule
Telefon 906 74 150
Mobil 922 16 716