Ungdomskor

Klikk for stort bilde

Dette tilbodet inngår i undervisninga for alle elevar som går på songopplæring ved kulturskulen. Desse elevane treng ikkje søkje på dette tilbodet. I tillegg er kortilbodet ope for alle elevar frå 5. klasse og oppover som ynskjer å vera
med i eit ungdomskor. Koret har eigen timeplan . Kvar  korøkt  vil vera på  1 ½time. Koret vil ha eit variert repertoar. Du vil og få opplæring innanstemmebruk, songteknikk , aktiv lytting og musikkteori som  du treng for å utvikle deg som songar i eit kor.

Undervisning blir gjeve både i Lom og Skjåk. Eit semester kvart skuleår i kvar kommune. Søk deg inn på ungdomskor her:

Påmelding UNGDOMSKOR

Ungdomskor

Programmet har opptak for elevar som ynskjer å vera ein del av eit kor og få songopplæring gjennom samsong med andre. Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Undervisninga krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving. 


Mål for musikkopplæringa

Gjennom arbeid med musikk skal elevane:

  • Oppnå gode ferdigheiter innan song, i alle faser og ut i frå ambisjonsnivå
  • Oppleve glede over å meistre samt  positiv sjølvutvikling
  • utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede over musikk gjennom heile livet
  • bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk
  • få bruke sitt læringspotensiale fullt ut
  • utvikle evne til samspel og samarbeid
  • bli ressurspersonar som medverkar til eit levande kulturliv
  • få moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk og andre aktuelle kunst- og kulturområde.

Læringsmål innan musikk

Faget er inndelt i fire faser.  Innan alle fasene skal elevane jobbe med fem nøkkelkompetansar: høyre, lese, lage, øve og framføre. Døme på læringsmål er:

Høyre: eleven skal kunne  imitere; spele /syngje melodiar på gehør
Lese: eleven skal lære å lese noter
Lage: eleven skal komponere og notere eigne melodiar
Øve: eleven skal øve jamleg og samarbeide med lærar og føresette om gode øvingsrutinar
Framføre: eleven skal få erfaring med å framføre  musikk på små og store arenaer
 

Kontakt

Oddrun Kvalheim
Rektor, Lom & Skjåk kulturskule
Telefon 906 74 150
Mobil 922 16 716