Velkomen til heimesida for Lom og Skjåk kulturskule

    Klikk for stort bilde  

Vi er ein interkommunal kulturskuleskule for kommunane Lom og Skjåk. Kulturskulane i Noreg er forankra i opplæringslova paragraf 13-6:

«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.» 
 

Kulturskulen er ein skule og ikkje eit fritidstilbod. 

Lom og Skjåk kulturskule har mange ulike undervisningstilbod som du kan få meir informasjon om her: 

undervisningstilbod.

Sjå kven som underviser  i dei ulike faga. Søknadsfrist for alle tilbod er 1. mai kvart år. Du må nytte elektronisk søknadsskjema.
På grunn av stor interesse har vi få ledige plassar på ein del av tilboda. Alle som søkjer innan fristen er med på opptaket, dei som søkjer etter fristen får berre plass på dei aktivitetane som ikkje er fulle. Dersom elevar ikkje kjem inn på tilbodet dei ynskjer, har vi ventelister.
 
Dersom du skal halde fram som elev ved kulturskulen, må du re-registrere deg i www.speedadmin.dk. Frist for re-registrering er 1. mai kvart år. Portalen for re-registrering vil vera open frå 1. april til 1. mai. Elevar som ikkje er re-registrerte innan denne fristen, blir registrert som slutta.
 
Dersom du står på venteliste, og ynskjer å halde fram med dette, må du re-registrere deg i www.speedadmin.dk. Frist for re-registrering av ventelisteplass er 1. mai kvart år. Portalen for re-regisrering vil vera open frå 1. april til 1. mai. Elevar på venteliste som ikkje er re-registrerte innan denne fristen, blir sletta frå ventelista.
 
Slik loggar du inn i www.speedadmin.dk
  • Brukarnamn: Dei seks fyrste siffera i personnummeret til føresette eller barna.
  • Passord: Dette har du laga sjølv, eller må lage sjølv. Har du gløymt passord, klikk på "glemt passord".
 

Du må vera elev gjennom heile skuleåret

Dersom du sluttar i løpet av året, må du likevel betale full elevavgift. Elevar som skal slutte, men som ikkje seier opp plassen sin skriftleg innan 1.mai, blir registrert som  brukarar inn i nytt skuleår og må såleis betale elevavgift etter ordinær sats.
 
Rammeplanen for kulturskulen «Mangfald og fordjuping» med nasjonale fagplanar er vedteke som styringsdokument for skulen vår. Dersom du ynskjer meir informasjon om denne planen finn du han her:

Nasjonale mål for kulturskulane i Noreg

Kulturskulen skal:
  • gje alle elevar moglegheit til å utvikle kunnskap og dugleik i kunstfag
  • gje alle elevar moglegheit til å finne og formidle eigne kunst- og kulturuttrykk
  • styrke elevane si estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse
  • styrke elevane si evne til kritisk refleksjon og sjølvstendige val
  • gje moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning innan kunst- og kulturfag
  • saman med skuleverket medverke til eit heilskapleg kunst- og kulturfagleg tilbod til alle barn og unge
  • som lokalt ressurssenter medverke til å styrke kulturell kompetanse og utvikling
  • saman med kulturlivet tilby kunst- og kulturfagleg støtte til opplæring og formidling til heile lokalsamfunnet

Verdiane våre

Vår visjon er å vera kulturskulen som gjev gnisten til mangfald, utvikling og tradisjon.
 
Klikk for stort bilde  
 

Kontakt

Oddrun Kvalheim
Rektor, Lom & Skjåk kulturskule
Telefon 906 74 150
Mobil 922 16 716