Skulefritidsordning i Skjåk (SFO)

Klikk for stort bilde

SFO i Skjåk

SFO i Skjåk er eit pedagogisk omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletida, for elevar på 1.-4. trinn i grunnskulen, og for barn med funksjonshemming frå 1.-7. klasse. Det er ikkje SFO på planleggingsdagar eller andre undervisningsfrie dagar.

SFO skal vere basert på barna sine behov for ro og kvile, tryggleik og omsorg, og det  skal leggjast til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. I Skjåk tilbyr kulturskulen fleire aktivitetar i SFO-tida. 

Når SFO tek til etter at skuledagen er over, blir det servert eit måltid som er inkludert i SFO-satsane.

SFO tek til ved skulestart hausten 2019.

Opningstider SFO 2019 - 2020
Opningstider SFO 2019 - 2020
Opnnigstider kl kl
Måndag 07.00 - 08.00 14.10 - 16.30
Tysdag 07.00 - 08.00 14.10 - 16.30
Onsdag 07.00 - 08.00 13.15/14.10-16.30
Torsdag 07.00 - 08.00 14.10 - 16.30
Fredag 07.00 - 08.00 13.15 - 16.30

 

Satsar for SFO gjeldande frå 01.01.19
Satsar for SFO gjeldande frå 01.01.19
Satsar for SFO Pr. kjøp
1-15 timar (fast SFO), månadspris pr. time 114
16-25 timar (fast SFO), månadspris pr. time 107
Tilfeldig kjøp av enkelttime 119
Tilfeldig kjøp av enkeltdagar dersom du har fast ordning elles i veka 123
For enkeltdagar utan undervisning 272

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074