Gjer deg klar for ein kveld full av latter, gode historier og forteljarglede!
Den folkekjære forfattaren Finn Sandum kjem på besøk – denne gongen med ny bok i sekken! Boka byr på fleire av dei artige historiene han har delt gjennom åra, no samla mellom to permer – og med herlege illustrasjonar av Inger Synnøve Killi. Tittelen på boka er «Det hende så mangt…». Boka inneheld små, humoristiske historier frå oppveksten hans. Nokre er sanne og nokre kunne vore sanne.
Kom og høyr Finn sjølv fortelje, slik berre han kan – med glimt i auget, skråblikk på kvardagen og lune observasjonar frå bygda. Dette blir garantert både morosamt og minneverdig!
Gratis inngang - enkel servering
Velkomne :)