Smakfull kveld på biblioteket - Skjåk kommune
  • Hendelse

Smakfull kveld på biblioteket

Dato

Tirsdag 14. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 18.00 - 20.30

Sted

Skjåk folkebibliotek

Biblioteket inviterer til ein hyggeleg og uhøgtidleg matkveld der gode vener tek med seg både kunnskap, historier og smaksprøver. Mellom bokhyllene blir det rom for latter, lærdom – og gode smakar.

Denne kvelden møter du:

  • Bjørn Sverre Tengesdal og Marit Åbø: som byr på både engasjement og gode forteljingar frå jakt- og fiskeopplevingar til smaksopplevinger. Bjørn Sverre og Marit er gode på kaldrøkt fisk.
  •  Anna Kvåle:  som har med seg smaksprøver og smil frå eigen grønsaksproduksjon.
  • Arnstein Fjerdingren: som deler av erfaringar og lidenskap for jakt og for foredling av eigenproduserte og sjølvjakta kjøtprodukt.
  • Terje Kveen; som sørgjer for historier og tips og triks frå fisking til råkåfisk i ein lett og humoristisk tone.
     

Gjennom kvelden får publikum høyre om ulike sider av matproduksjon og matglede – alt frå tradisjonar til moderne løysingar – og ikkje minst får ein smake på resultatet.

Ta med deg nysgjerrigheita, appetitten – og gjerne ein ven eller to.

Velkomen til ein smakfull kveld på biblioteket!

Praktisk informasjon

Om stedet

Navn

Skjåk folkebibliotek

Om arrangementet

Pris voksen
100