"Jeg har ikke noe å skjule" - Skjåk kommune
  • Hendelse

"Jeg har ikke noe å skjule"

Dato

Mandag 9. februar 2026

Tidspunkt

kl. 11.00 - 12.00

Sted

Skjåk folkebibliotek

Eit digitalt foredrag på Skjåk folkebibliotek

Kven samlar inn data om deg – og kvifor?
I dette føredraget tek Eystein Hanssen oss med inn i den digitale kvardagen vi alle er ein del av, men sjeldan ser fullt ut.

Han viser korleis overvaking og sporing skjer i praksis, kven aktørane bak er, og korleis dette påverkar enkeltmenneske og samfunnet. Føredraget gir òg konkrete råd om korleis du kan redusere digital sporing i ditt eige liv.

Om føredragshaldaren

Eystein Hanssen er forfattar av ti skjønnlitterære bøker og éi sakprosautgiving. Han har bakgrunn frå medie- og kommunikasjonsbransjen, med særleg interesse for tryggingspolitikk, etterretning og digital tryggleik.

Enkel servering - gratis inngang
Velkomne!

I samarbeid med Senioruniversitetet

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Arrangeres av

Skjåk folkebibliotek

Om stedet

Navn

Skjåk folkebibliotek