Biblioteket får besøk av forfattar og forskar Arve Hansen, som kjem for å fortelje om boka “Mopeddagbøkene – utviklingssuksess og kvardagsliv i det nye Vietnam”.
Gjennom levande skildringar frå gater, marknader og kvardagsliv – ofte sett frå ryggen på ein moped – gir Hansen eit nært og engasjerande innblikk i Vietnam. Landet har på få tiår gått frå å vere blant dei fattigaste i verda til å oppleve sterk økonomisk vekst og store samfunnsendringar. I boka møter vi menneske, historier og refleksjonar som gjer den store utviklingsforteljinga både konkret og personleg. Arve Hansen er seniorforskar ved Universitetet i Oslo og arbeider med tema som berekraft, forbruk og global utvikling. Han har budd og arbeidd mykje i Vietnam, og kombinerer solid fagleg kunnskap med ei levande og engasjerande formidling.
Familien til Hansen har òg tilknyting til Skjåk – dei har feriehus i Lundegrendi som dei brukar titt og ofte.
Velkomen til eit spennande forfattarmøte der du kan lære meir om både boka, Vietnam og dei store endringane som skjer i verda i dag.
Gratis inngang - servering - velkomne :)