Solfestival i Skjåk - program 2024 - Skjåk kommune

Solfestival i Skjåk - program 2024

Vi ynskjer sola velkomen attende til Skjåk med ein lågterskel kulturfestival for alle den 4.-9. mars!

Solfestival i Skjåk

Det er eit rikt kulturliv i Skjåk med mange aktive lag og foreiningar. Desse har både faste samlingar gjennom året og enkeltarrangement. Vi som jobbar på biblioteket og med kultur i Skjåk kommune, ynskjer å lage ein lågterskel kulturfestival for både barn, ungdom og vaksne. Dette er tidfesta til 4.–9. mars. Da har sola kome attende på dei fleste plassane i Skjåk! 

Vi ynskjer sola velkomen attende og samlar ulike delarrangement i ein kulturfestival, der vi syner fram noko av alt det vi held på med i Skjåk. 

Kanskje kan dette bli ein årleg tradisjon? 

Program for Solfestival

Gå inn på lenka og les: «Meir om SOLfestivalen»

  • Her finn du meir informasjon om Frøbiblioteket, filmen SAU, boklansering av krimbok, foredrag med Oskar Puschmann, foredrag med verdsmeisteren Gabriella Mathisen og ei genserutstilling.
Bilde av aktørar som skal vere med på Solfestival i Skjåk - Klikk for stort bilde

Måndag 4. mars

Måndag 4. mars
KlKvaKorArrangør
10.00Opning av frøbiblioteket. Solsikke-konkurranseSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
10.00Opning av SOLutstillinga som er laga av elevar og barnehageungarSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
18.00Kom og spel sjakkFriviljugsentralenSkjåk Sjakk
18.00Luftpistolskyting for ungdom. (Er du under 18 år må du ha med ein føresett)Industrivegen 60Skjåk Pistolklubb
18.30SpinningIndustrivegen 60Skjåk IL
19.00Mat og prat før Bygdekinoen syner filmen SAU. Skjåk Mat lanserer ei ny grillpølse.Marlo grendehusBygdekinoen og Landbrukskontoret i Lom og Skjåk
20.00Filmen SauMarlo GrendehusBygdekinoen
  • Skuleelevane og førskuleungane har SOLverkstad denne dagen
     

Tysdag 5. mars

Tysdag 5. mars
KlKvaKorArrangør
11. 00Kjerringtreff i Husflidslaget. Ta med handarbeid og kom!Skjåkvegen 1581Husflidslaget
14.00Badminton for alleSkjåkhallenSkjåk IL
15.00-17.00Møt Edel Ordførar. Her kan du ta opp ting som engasjerer deg.Skjåk folkebibliotekOrdføraren
18.00-19.00«Les i lag - einsleg på ein tysdag»Skjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
18.00-20.00Skyting på jaktsimulatorIndustrivegen 60Skjåk jeger og fisk
20.00-21.00Old Boys fotball/handballSkjåkhallenSkjåk IL

Onsdag 6. mars

Onsdag 6. mars
KlKvaKorArrangør
10.00Gul Frukost. Inngang kr 75FriviljugsentralenFriviljugsentralen
10.30SOLtur (LHL-tur). Oppmøte på Skeimoplassen. Vi et nista vår i kantina på kommunehuset etter turen. Kommunen spanderer kaffiOppmøte på SkeimoplassenLHL
17.00-17.50Barnetrimmen for ungar i barnehagealderSkjåkhallenSkjåk IL
18.00-21.00Husflidskafé med utstilling av 50 genserar som Torunn Bruheim Haugen har teikna mønster til og strikkaHusflidslaget sine lokale. (Gamle Nordberg S-lag). Skjåkvegen 1579Skjåk Husflidslag
19.00Magnhild Bruheim lanserer den nye krimboka «Stjernefallet». Gul servering: SOLo og SOLbollarSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek

Torsdag 7. mars

Torsdag 7. mars
KlKvaKorArrangør
11.00SOLfest i skulegarden med naturstig, leik og aktivitetar. Festen er open for alle.SkulegardenSkjåk barne- og ungdomskule
19.00Innebandy for alleSkjåkhallenSkjåk IL
19.00DametrimmenIndustrivegen 60Skjåk IL
19.30Fotograf Oskar Puschmann syner fram landskapsendringar og resultat frå etnologisk undersøking i Skjåk med like bilde frå for 50 år sidan og nå.Kantina på skulenLandbrukskontoret Lom og Skjåk
20.00Danseøving i gamaldansDønfoss grendehusSkjåk spel- og dansarlag

Fredag 8. mars

Fredag 8. mars
KlKvaGratis!Arrangør
11.00Solfest på Skjåkheimen for bebuarar saman med 3. klassinganeSkjåkheimenSkjåkheimen
12.00Markering av kvinnedagen med filmframsyninga - Milk County - Servering: SOLo, appelsin og snacksSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
18.00Foredrag med Gabriella Mathisen, ultraløper og tidlegare prostituert og rusbrukar. Servering: Lademjølk og mørlefse.Marlo GrendehusNordigard Ramstad og MOT

Laurdag 9. mars SOLfest

Laurdag 9. mars SOLfest
KlKvaKorArrangør
10.00-11.30Badminton for alleSkjåkhallenSkjåk IL
12.00SOLfest familiedagGamleheimstrædetKomiteen
12.00Kurs i POLSKantina på skulenSkjåk spel- og dansarlag

Program Solfest, laurdag 9. mars i Gamleheimstrædet frå kl. 12.00 - 14.00

  • Antrekk: noko gult (om du vil)
  • Aking, ta med eigen doning
  • SOL på små og store fjes - ansiktsmaling v/Skjåk Turlag
  • Kul SOLløype v/Skjåk Turlag
  • Spikking for store og små v/Skjåk Husflidslag
  • Bålkokking med Arne Brimi
  • Smak av den nye, gode Gudbrandsdalsosten Anno 1863
  • Underhaldning
  • Markering for folk med SOL i namnet sitt

Vi har varm grill - ta med grillmat om du vil.

Vi tek atterhald om endringar i programmet og snømengda i Gamleheimstrædet. Programmet blir oppdatert her på nettsidene til Skjåk kommune.
 

Kontaktinformasjon

Fleire gode tips og tilbod

  • Skeid Kro melder at dei har tilbod på kaffi, SOLbollar og SOLis denne veka
  • Akantus Blomster melder at dei har “SOLstikk” denne veka med mange gode tilbod. Fylg med på facebooksida deira.
  • Sysselsetting Lom og Skjåk melder at dei har laga dyrkepinnar av bambus med tekst som t.d. agurk, tomat, chili m.m. for sal
  • Skjåk Kjøpesenter pyntar med SOLer og har fleire fine tilbod
  • Godbiten Café på Skjåk Kjøpesenter melder at dei har tilbod på SOLbollar og kaffi denne veka
  • Skjåk Mat lanserer ei ny grillpølse denne veka

 


 

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702
Sigrun Eide
Bibliotekkonsulent
Telefon 909 47 020
Mobil 415 04 309