Overgang frå barnehage til skule og SFO

Skjåk kommune utarbeidd ein plan for skuletilvenning og overgang mellom barnehage og skule.

I barnehagen har vi ei unik moglegheit til å gje barna ein trygg overgang til 1. klasse. Siste året i barnehagen får førskulebarna øve på å ta meir ansvar. For å meistre overgangen er sjølvstendigheit ein god eigenskap. 

For å sikre gode overgangar for skulestartarane har Skjåk kommune utarbeidd ein plan for skuletilvenning og overgang mellom barnehage og skule. Vi har faste treff for alle skulestartarane ein dag i månaden fram til våren og skuletilvenninga på skulen startar. Dette er viktig for at barna skal bli godt kjende med kvarandre.