Lom og Skjåk kulturskule er eit interkommunalt samarbeid mellom Lom og Skjåk, og eit tilbod for barn og unge som ønskjer å utvikle seg innan musikk, dans, kunst og teater.
Har du lyst til å spele instrument, synge, danse, teikne, vere med i teater eller kor, og møte nye vener? Då er Lom og Skjåk kulturskule noko for deg.