Samarbeidsutvalet
Samarbeidsutvalet er det øvste rådsorganet på skulen og har rett til å uttale seg om alle saker som gjeld skulen.
Samarbeidsutvalet er samansett av to lærarar, ein av andre tilsette ved skulen, to elevar, to representantar frå foreldrerådet og to frå kommunen der den eine skal vera rektor og den andre frå Kultur og oppvekst.
Skulemiljøutval
Alle grunnskular skal ha eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vera representerte. Det skal vera samansett slik at elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Skulemiljøutvalet ved Skjåk barne- og ungdomsskule kan vera det same som samarbeidsutvalet, men med berre ein lærar.
Elevrådet
Elevrådet er samansett med ein til to representantar frå kvart steg. Dei har møter to gonger i månaden. Elevrådskontakten skal hjelpe og rettleie elevrådet og har møte og talerett på møta.
Foreldreråd
Foreldrerådet er alle foreldra/føresette på skulen. Dei vel representantar frå kvar klasse, klassekontaktar, og dei dannar foreldrerådets arbeidsutval, FAU.
Hovudoppgåva for klassekontaktane er å hjelpe til med å gjera forholda så gode som råd er for elevane og klassa, og arbeide for å få foreldra med i eit positivt samarbeid med skulen.