«Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. »
«Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.»
Informasjon om elevpermisjonar
Forskrift om permisjonar frå grunnskuleopplæringa, Skjåk kommune, Innlandet.
Ein kan gje elevane permisjon av fylgjande grunnar:
- Viktige velferdsgrunnar
- Viktige hendingar i nær familie.
- Ferieopphald saman med foreldre/føresette når heilt spesielle grunnar har hindra familien i å vera saman i den vanlege ferien til skulen. Heimane må ikkje gjera bindande avtaler eller bestille billettar til reise før skulen har innvilga søknaden.
- Deltaking i større idretts- og kulturarrangement.
- Arbeid som tillitsvald
- Andre særlege tilhøve.
Det er ein føresetnad for å innvilge permisjon at eleven totalt sett får ei forsvarleg grunnskoleopplæring trass i at det er gjeven permisjon. Skulen skal derfor gjera ei konkret vurdering av den enkelte søknad, ut frå ei individuell forsvarlegheitsvurdering.
Dette gjeld også:
- Ein kan berre gje permisjon til elevar etter skriftleg søknad frå foreldre / føresette.
- Søknad om fri inntil tre dagar blir avgjort av kontaktlærar i Visma føresetteapp.
- Søknad om permisjon utover tre dagar skal skrivast på eige skjema som ligg i Visma Flyt skule Etter samråd med kontaktlærar blir saka avgjort av rektor.
- Når eleven får permisjon, har foreldre/føresette ansvaret for opplæringa i den perioden eleven er borte frå skulen.
Søk om fri og elevpermisjon i Visma føresetteapp
Eventuelt avslag på søknaden kan ein anke til Statsforvaltaren i Innlandet innan tre veker etter at avslaget er motteke. Anken kan sendast til skulen som vidaresender den.